top of page

Smittevern og tiltak

Av hensyn til kundar, familie og meg sjølv ønsker eg å halde fram med følgande reglar i salongen. Takk for forståing!


Viktig informasjon til deg som har time:
- du må vere frisk for å få time - avbestill eller flytt din time dersom du ikkje føler deg frisk. Du må vere heilt frisk og sympomfri. Minner om 24 timers avbestillingsfrist. Ta gjerne kontakt med meg om du har spørsmål, eller ønsker ny time
- kom presis og benytt håndsprit ved ankomst
- kom åleine. Ønsker ikkje at venner, familie eller barn er med under behandling. Dette er fordi du skal ha det behageleg og avslappande, og eg treng arbeidsro medan eg jobbar

Korleis ivaretek eg smittevern i salongen?
- bruker munnbind under alle behandlingar
- bruker eingangshanskar og utstyr ved kvar kunde
- nytt benkepapir og pledd på behandlingbenk mellom kvar kunde
- desinfeksjon: alt av verktøy, utstyr og overflater blir vaska og derinfisert mellom kvar kunde. Det blir og brukt sterile eingangsdukar på behandlingsstasjonen
- desinfeksjon av andre kontaktflater: betalingsterminal, dører, dørhandtak, overflater, bord, stolar og gulv
- internkontroll: daglige vaske- og steriliseringsrutiner følges 

Praktisk informasjon

- betaling via bedriftsvipps, kortterminal eller faktura
- gavekort er gyldig i eit år fra kjøpsdato
- varer byttes kun uåpnet av hygieniske årsaker og med kvittering på kjøp
- Det er 18 års aldersgrense på alle behandlinger. Frå 16 år må føresatte kontakte på forhånd og avtale/bestille time
- ved avbestilling av time må det gjerast 24 timar før din behandling. Dette kan du gjere via e-post der du har fått bookingbekreftelsen din, der du klikker på lenka nederst og trykker avbestill. Du kan og kontakte meg med å sende melding på sosiale medier eller sms.
- du får ikkje behandling dersom du er sjuk/smittsom. Dette av hensyn til meg som terapeut og andre kunder.
- timen er satt opp til deg. Ønsker derfor ikkje at du tek med venner, familie eller barn. Du som kunde skal ha det avslappande og roleg under behandling, og eg treng arbeidsro medan eg jobbar.
- lokalet skal vere så sterilt som mulig, vennligst ta av sko ved ankomst og benytt håndsprit.
- er det første gang du har time hjå meg vil du bli bedt om å fylle ut eit kundeskjema for å oppgi informasjon om din helsetilstand. Dette er ein sikkerhet for deg som kunde og for meg som terapeut slik at eg kan tilby best mogeleg behandling. 
- reklamasjon på behandlingar må skje innan tre dagar fra behandlingsdato.

bottom of page